I tekst A, utgåva frå 1899, er teksten sterkt prega av dansk språkform. Alle substantiva er markert med stor forbokstav, å-ane skrives ”aa” og det er flust av Danske ord som: tog – tok, gik – gikk, skulde – skulle, vilde – ville, havde – hadde, blev – ble, ind – inn, afsted – la i vei, op igjennem – opp gjennom, Kjælderen/kjældertrappen – kjelleren/kjellertrappen, vælte – velte, fik – fikk, havde – hadde, slaaet – slått, smattede – smattet, fløden – fløten, udover – utover, bedste – beste, kunde – kunne, naaede – nådde, dygtigt – dyktig, Flækken – flekken, i Hu – i hug, ud – ut og af – av.
I tekst B, og 1907-rettskrivinga, har de store forbokstavane på substantiva falt bort, men enno er det ”aa” i staden for notidas ”å”. Det er også enno prega av dansk språk gjennom blaute konsonantar, som til dømes ”kjelderen”, ”øltønden” og ”dygtigt”.
I tekst C er ”å” kome på plass i staden for ”aa”. Det er framleis små ord som ”skulde”, ”vilde”, ”blev”, ”op” og ”efter” som avslører en enno hengande dansk skrivemåte, men jamt over er 1917-rettskrivinga veldig lik den vi har i dag.
Tekst D er skrive i 1938-rettskrivingas radikale former. Det er mange muntlege formuleringar som til dømes ”… at han reint glømte”. Elles er det mange a-endingar.
Tekst E er identisk med den eg ville skrive teksten; med tradisjonelle formar av 1938-rettskrivinga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar